Sogneprodukt – ditt lokale vaskeri i Sogneregionen
Hjå Sogneprodukt kan du kjøpe ulike vaskeritenester tilpassa ditt behov. Me tilbyr avtalar til bedrifter og privatkundar.
Du kan konsentrere deg om å gje gjestene det vetle ekstra, så kan me levera reine tekstilar med god service og kvalitet. Då vert det ei god natts søvn og gjestene er klar for morgondagen. Dei største kundane våre er hotell, brakkeriggar og airbnb.
Våre vaskeritenester omfattar:
Utleige av sett med dynetrekk, laken, putevar, stor og liten handduk. Pris inkluderar vask
Vask av klede, sko, tepper, dyner, puter
Rulling av dukar, sengetøy, laken
Reimpregnering av Goretex, softshell og anna vassavstøytande materiale
Reparasjon av øydelagde glidelåsar og andre småskadar på tøy
Kundeomtale frå Blix hotell som nyttar Sogneprodukt til alle sine vaskeritenester, dette gjeld i hovudsak vask av sengkle og klutar:
“Vi er svært godt fornøgde med kvalitet og service. Behovet vårt er svært ulikt gjennom året, men det er aldri problem knytt til bestillingar eller leveransar. Dei følgjer også opp ved å ta kontakt dersom dei skjønnar at vi kan ha gløymt tida e.l. Det er ekstra kjekt å kjøpe tenester på ein stad der det verkeleg er hyggeleg å møte personalet.”