Varig tilrettelagt arbeid
– ein trygg og meiningsfull jobbkvardag
VTA er eit tilbod til deg som har, eller snart vil få, uføretrygd og som ynskjer å vere i arbeid. Målet er å gi deg moglegheit til å delta i arbeidslivet på ein måte som tek omsyn til dine behov og tilretteleggingar – og samstundes la deg bruke og utvikle ressursane dine.
Som VTA-tilsett får du ein ordinær arbeidskontrakt etter arbeidsmiljølova, og du deltek i produksjon av varer og tenester hjå Sogneprodukt – eller i ei ordinær bedrift gjennom hospitering. Tiltaket varer så lenge du har behov for det, og du beheld uføretrygda di medan du deltek. Du får utbetalt bonusløn for timane du er på jobb.
Våre arbeidsplassar
Me kombinerer sosialt ansvar og miljøomsyn gjennom lokal og berekraftig produksjon. Med fokus på ombruk, kortreiste varer og menneskeverd er me ein del av det grøne skiftet – og eit inkluderande jobbfellesskap. Arbeidsoppgåver kan vere:
Treverkstad
Vaskeritenester
Jobbfrukt
Produksjon av kubbegolv
Kabelskrelling
Logistikk og transportoppdrag
Kontorarbeidsoppgåver
Møbeltapetsering
Rammeri og kunstavdeling
Butikk i Balestrand sentrum
Kreativ kommunikasjon