Bruk kreativiteten til å bygge visuelle historiar

Kreativ kommunikasjon

Kreativ kommunikasjon er ei fagleg læringsarena der me arbeider med kreative og digitale uttrykk.

Avdelinga gir rom for utvikling, meistring og praktisk arbeid i eit inkluderande miljø. Her får du høve til å utforske eigne interesser, bygge ferdigheiter og ta del i reelle prosjekt. Døme på våre prosjekt:  

  • Produksjon av animasjonar til nettsider og bedrifter 

  • Illustrasjonar til bruk i informasjon, opplæring og formidling 

  • Design av grafiske element til digitale flater og trykte produkt 

  • Giclée-print av kunst og illustrasjonar i format opp til A2 

  • Produksjon av lydvegg 

  • 3D-printing 

  • Opplæring i ulike programvare for bearbeiding av tekst, video og bilete 

  • Digitalisering av dokument 

  • Foto i eige studio 

  • Bruk av KI-verktøy i kreative og digitale arbeidsprosessar 

Deltaking i Kreativ kommunikasjon skjer i samarbeid med NAV, kommune eller skule.

Tilbodet er knytt til arbeidsretta tiltak og blir tilpassa den enkelte sine behov og mål, med fokus på overgangar vidare mot arbeid eller utdanning. Me jobbar praksisnært og legg til rette for deltaking i heile prosessen, frå idé og planlegging til ferdig produkt. Med tett oppfølging og samarbeid byggjer vi struktur, tryggleik og arbeidserfaring.  

Kontakt oss for å få plass på Kreativ kommunikasjon