Lærekandidatløp
Sogneprodukt samarbeider med Sogn Opplæringskontor for å tilby lærekandidatløp til elevar som ynskjer ei tilrettelagt opplæring mot kompetansebevis.
Dette er eit godt alternativ for deg som har behov for tilpassing og praktisk læring i eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
Gjennom lærekandidatløpet får du ein strukturert veg mot kompetansebevis, med fokus på:
Meistring og trivsel i kvardagen
Fagleg utvikling gjennom praktiske arbeidsoppgåver
Tett oppfølging og rettleiing frå både oss og opplæringskontoret
Aktuelle fagretningar:
Treproduksjon – industrisnikkarfaget
Restaurering av møblar – møbelsnikkarfaget
Vaskeri – vaskerifaget
Kreativ kommunikasjon – medieteknikarfaget
Praksismoglegheiter for elevar på vidaregåande skule
Sogneprodukt tilbyr elevar frå vidaregåande skule ein spennande og tilpassa praksis. Tilbodet er særleg aktuelt for elevar med særskilte behov som treng tilrettelegging og tilpassing av arbeidsoppgåver.
Praksis hjå oss kan koplast til relevante fagområde, til dømes yrkesfagleg fordjuping (YFF). Me legg til rette for at praksisen bidreg til å nå konkrete kompetansemål frå fagplanen, slik at du får både fagleg utvikling og verdifull arbeidserfaring. Sogneprodukt samarbeider med Vestland fylkeskommune og Sygna vidaregåande skule for å sikre kvalitet og gode løysingar.
Våre samarbeidspartar:
Sogn Opplæringskontor er eit tverrfagleg opplæringskontor som tek ansvaret for lærekontraktar, er med på å auke interessen for fagopplæring i bedrift og å utvikle dyktige fagarbeiderar.
Kontakt Anne Kauppi
Ein lærekandidat får opplæring i ei godkjent lærebedrift, tilpassa sine behov og føresetnader, med mål om ein kompetanse innan eit yrkesfagleg område. Lærekandidaten får opplæring etter ein tilpassa lærekandidatplan (TLKP), med eit utval av kompetansemål frå læreplanen i faget.
Les meir på Vestland fylkeskommune