Ekspertbistand

Sogneprodukt kan tilby ekspertbistand til alle bedrifter i Indre Sogn. Ved å bruka vår erfaring og kunnskap med oppfølging av sjukmelde kan me bistå bedrifter i å finne gode løysingar ilag med den sjukmelde.  

Kva er ekspertbistand? 
Ekspertbistand betyr at arbeidstakar og arbeidsgjevar får hjelp frå ein nøytral ekspert med kompetanse på sjukefråvær og arbeidsmiljø. 
- Ekspertbistand er gratis for arbeidsgjevar, finansiert via NAV og ein del av IA-avtala. 
- Målet er å førebyggje og redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.

Ekspertbistand hjå Sogneprodukt

Sogneprodukt sine ekspertar har lang og brei erfaring frå arbeid med arbeidsmiljø og sjukefråvær. Me kan hjelpe med: 

- Å finne bakomforliggjande årsaker til sjukefråværet 
- Karriererettleiing 
- Opplæring i stressmeistring og livsstilsrettleiing 
- Kartlegging av arbeidssituasjon og helse 
- Kartlegge kompetanse og ferdigheitar 
- Arbeidsplassvurdering 

Korleis få ekspertbistand 

Ta kontakt med NAV arbeidslivssenter for å få bekrefta at ekspertbistand kan vere aktuelt.
Finn ein egna ekspert. Sogneprodukt har fleire ekspertar med høg kompetanse på ulike område. 
Søk om tilskot gjennom Altinn. Dette er eit kort søknadsskjema og NAV vil refundere utgiftene som kan vere på inntil 24 000 kr pr. sak. 

Ta kontakt med Sogneprodukt for meir informasjon. Me kan gjerne hjelpe deg med søknadsprosessen om det er ynskjeleg.  

Våre ekspertar

Vil du vite meir om ekspertbistad,
ta gjerne kontakt med:

Kristine Loftesnes Feigum

Avdelingsleiar JobbKompetanse
klf@sogneprodukt.no
Telefon: 900 39 304