Velkomen til Sogneprodukt
– din veg tilbake til arbeid eller utdanning
Sogneprodukt tilbyr fleire ulike arbeidsmarknadstiltak gjennom NAV. Hjå Sogneprodukt møter du tilsette som har fokuset på deg og dine behov. Me ser på kvart menneske som ein ressurs og me veit at små steg kan føre til store endringar.
Dette får du hjå Sogneprodukt:
Individuelle samtalar og tett oppfølging
Karriererettleiing og interesseutforsking
Kartlegging av ressursar og jobbmoglegheiter i Sogn
Styrking av fysisk og psykisk helse
Opplæring i ulike arbeidsoppgåver og ulike fag
Jobbsmak og bedriftsbesøk
Arbeidspraksis og oppfølging i ordinær jobb
Me møter deg med respekt, omsorg og tru på at du skal lukkast. Sogneprodukt har i ei årrekke hatt gode formidlingsresultat til jobb og veit kva som skal til for å lukkast. Ved å delta på eit arbeidsmarknadstiltak aukar du sjansen for å kome tilbake i jobb eller utdanning. Det er NAV som søker inn til desse tiltaka, så ta kontakt med din NAV-rettleiar for å finne det tilbodet som passar best for deg.
“Du får sjansen til å utvikla ferdigheiter, oppdage eigne ressursar og gradvis byggja opp erfaring som gjer deg klar for vidare jobb eller utdanning.”
Slik jobbar me saman
Oppstart
Du får tildelt din eigen rettleiar som følgjer deg gjennom heile perioden. Me brukar innleiingsvis tid på å bli kjend med deg og dine behov. Kva er viktig for deg, og kva ønskjer du hjelp med?
Plan og mål
Me tek utgangspunkt i dine yrkesmål og saman lagar me ein plan for korleis du kan nå dine mål. Gjennom samtalar, karriererettleiing og opplæring gir me deg inspirasjon til å bli betre kjend med dine moglegheiter og ressursar.
Jobbsjansar
Me hjelp deg i møtet med lokale bedrifter. Det kan vere bedriftsbesøk, jobbsmak, arbeidspraksis og jobbsøking. Alt er tilpassa deg og dine føresetnader.
Vegen til jobb
Du får støtte heile vegen - også etter at du har starta i jobb eller utdanning. Me samarbeider tett med NAV og arbeidsgjevar for at overgangen skal bli trygg. Vårt mål er at du skal oppnå ei varig tilknyting til arbeidslivet.