Historia til Sogneprodukt – frå verna industri til inkluderande arbeidsliv

Sogneprodukt si historie starta med eit nasjonalt initiativ på 1960-talet for å etablere verna industri i Noreg. Etter fleire års planlegging vart Sogneprodukt offisielt opna 21. oktober 1976 i Vik. Målet var klart: å gi arbeid til menneske som ikkje kunne konkurrere i det ordinære arbeidslivet.

1970- og 1980-talet: Industriproduksjon og vekst

  • Hovudbedrifta i Vik med produksjonshall og kontor stod ferdig i 1975, og byggetrinn II kom i 1977.

  • Me bygde hybelhus i Vik, dreiv Viking Kafeteria og Vik Bensinstasjon for å skape fleire arbeidsmoglegheiter.

  • I 1984 kom produksjonshall på Kaupanger, og industriproduksjon var hovudaktiviteten.

Arbeidsdirektør Reidar Danielsen stod for den offisielle opninga. Her overrekker han ein nøkkel til den første styreformannen, Guttorm Holstad.

1990- og 2000-talet: Frå industri til arbeidsretta tiltak

  • Sogneprodukt hadde stor mekanisk industri og produserte sauerister og

  • Arbeidsinkludering dreia mot opplæring, oppfølging og arbeid i eksterne verksemder.

  • Me vart ein del av Opplæringskontoret for tilrettelagt opplæring i Sogn og Fjordane.

  • I 2003 bygde me undervisningslokale og kontor på Kaupanger.

  • NAV vart etablert i 2006, og me tilpassa oss nye strukturar og samarbeid.

2010-talet: Konkurranseutsetting og fusjon

  • Frå 2016 vart mange arbeidsmarknadstiltak konkurranseutsette.

  • I 2017 fusjonerte Sogneprodukt med Balestrand Industrier AS og Vik ASVO AS og tok namnet Sogneprodukt AS.

  • NAV Vestland vart etablert i 2019, og Vestland fylke kom i 2020.

  • Me bygde nye kontor og undervisningslokale på Kaupanger i 2020.

2020-talet: Nye rammer og vidare utvikling

  • Sogneprodukt ligg fleire år i landstoppen på å få folk i jobb frå AFT-tiltaket

  • Endringar i NAV sitt regelverk kravde nye organisasjonsformer.

  • I 2025 etablerte me dotterselskapet Sogneprodukt Jobb AS for å møte nye krav og sikre framtidig drift.

  • I 2026 feirar me 60 år sidan etablering