Sogneprodukt – Sogn si største arbeids- og inkluderingsbedrift
Saman med NAV og næringslivet bidreg Sogneprodukt til det viktige samfunnsoppdraget:
- å motverke utanforskap og skape eit inkluderande arbeidsliv i Sogn.
Me brukar forskingsbaserte metodar som hjelp kvar enkelt å finne sine ressursar, oppleva meistring, skape utvikling – og opne vegen til jobb.
Sogneprodukt har i underkant av 50 tilsette fordelt på avdelingar i Vik, Balestrand og Kaupanger. 35 av dei tilsette mottek uføretrygd og er ein verdifull del av kollegiet vårt. Me har stort fokus på tilrettelegging, trivsel og godt arbeidsmiljø.
Våre verdiar: Openheit, respekt og dialog
Openheit
Hjå oss betyr openheit at alle skal kjenne seg velkomne og trygge. Me ynskjer eit miljø der det er rom for å vere seg sjølv, dele tankar og stille spørsmål utan frykt for å bli dømt. Når me er opne med kvarandre, skapar me tillit, gode relasjonar og eit fellesskap der alle kan bidra og utvikle seg. Openheit er nøkkelen til å lære av kvarandre og finne dei beste løysingane saman.
Respekt
Respekt hjå Sogneprodukt handlar om å sjå kvar enkelt som verdifull. Me møter kvarandre med forståing, omsorg og anerkjenning – uavhengig av bakgrunn eller erfaring. Me trur at respekt byggjer sterke band og skapar eit arbeidsmiljø der alle føler seg sett og verdsett. Når me viser respekt, legg me grunnlaget for tryggleik og trivsel.
Dialog
Dialog er hjartet i samarbeidet vårt. Me trur på krafta i møte mellom menneske – der alle får kome til orde og bli høyrde. Gjennom open og ærleg dialog kan me forstå kvarandre betre, løyse utfordringar og skape nye idear. Me ynskjer eit miljø der dialogen er ein naturleg del av kvardagen, fordi det gir rom for vekst, fellesskap og utvikling.