Tilbake i jobb med arbeidsretta rehabilitering
Når helseplager eller sosiale utfordringar gjer det vanskeleg å stå i jobb, kan arbeidsretta rehabilitering vere ei god hjelp på vegen. ARR er for deg som står i fare for å falle ut av arbeidslivet eller allereie er sjukmeld.
Dette kan ARR innehalde:
Samtalar kring eigen jobbsituasjon
Kartlegging av tilretteleggingsbehov og arbeidsplassanalyse
Karriererettleiing og interesseutforsking
Individuelt treningsopplegg med rettleiing frå fysioterapeut
Opplæring i stressmeistringsteknikkar
Tankevirus
Jobbsmak og arbeidsutprøving
Rettleiing i livsstil og helse
For deg med arbeidsforhold: Er du sjukmeld og har ein arbeidsgivar, tek tiltaket utgangspunkt i jobben din. Målet er å finne løysingar som gjer det mogleg å kome tilbake i arbeid – eller finne ny jobb dersom tilrettelegging ikkje er mogleg.
For deg utan arbeidsforhold: Me hjelper deg med å finne vegen vidare mot arbeid.
Arbeidsretta rehabilitering
Styrke
Kondisjon
Avspenning
Yoga
Frisbeegolf
Walk and talk
Jogging
Pust