Saman
om folk i jobb
Meistring - utvikling - jobb
Sogneprodukt er den største arbeid- og inkluderingsbedrifta i Sogn.
Saman med NAV og næringslivet bidreg Sogneprodukt i det viktige samfunnsoppdraget:
Å motverke utanforskap og skapa eit inkluderande arbeidsliv i Sogn.
Arbeidssøkjar
Sogneprodukt har 50 års erfaring og dermed solid kompetanse med å hjelpe folk tilbake i arbeid eller utdanning. Me kan vise til gode resultat og fleire år har me vore heilt i toppsjiktet nasjonalt på formidling til arbeid - eit bevis på at metodane våre fungerer. Me tilbyr mellom anna
profesjonell karriererettleiing
individuell styrkebasert oppfølging
vidareformidling av kunnskap om lokalt næringsliv
skapar jobbsjansar og bidreg til jobbmeistring
I 2026 har Sogneprodukt samarbeidd med næringslivet i Sogn i 50 år! Kjennskap til lokale bedrifter og deira rekrutteringsbehov er viktig for oss. Vårt samfunnsoppdrag er å tilføra næringslivet i Sogn ny arbeidskraft slik at færre står utanfor arbeidslivet. Saman skal me skapa eit arbeidsliv som inkluderer alle som ynskjer å jobbe.
Bli ei samarbeidsbedrift
Sogneprodukt
med berekraft og inkludering
Me skapar arbeidsplassar for menneske som treng tilrettelegging, gjennom lokal produksjon med omsyn til miljø og ressursar. Med fokus på ombruk, kortreiste varer og menneskeverd er me ein del av det grøne skiftet og eit inkluderande jobbfellesskap. Les meir om produksjonane våre - alt tufta på berekraft og lokal verdiskaping:
Treverkstaden
Jobbfrukt og skulefrukt
Vaskeritenester
Kunst og rammeri
Kubbegolv
Visuelle og digitale tenester
Omtrekking av møblar