Tilrettelagde stillingar utan formelle krav

 
Har du utføretrygd og ynskjer å jobbe? Me har ledige stillingar og kan tilbyr tilrettelagte arbeidsplassar for deg som treng ein trygg og tilpassa jobb. Kvifor jobbe hjå Sogneprodukt? 

Inkluderande arbeidsmiljø: Me legg stor vekt på likeverd og respekt for alle, uavhengig av bakgrunn. Hjå oss blir du ein del av eit mangfaldig team der alle blir sett og høyrt. 

Personleg og fagleg utvikling: Me tilbyr kontinuerleg opplæring og utviklingsmoglegheiter for våre tilsette. Du får høve til å utvikle kompetansen din og bli trygg i arbeidet ditt. 

Engasjement og motivasjon: Me er engasjerte i arbeidet vårt og har stor motivasjon for å inkludere fleire i arbeidslivet. Ditt engasjement vil vere eit viktig bidrag til å skape ein positiv bedriftskultur og auka trivsel på arbeidsplassen. 

Innovasjon og samarbeid: Me legg til rette for innovasjon og tenesteutvikling, og me verdset gode idear og samarbeid på tvers av avdelingar. Hjå oss får du moglegheita til å påverke og bidra til utviklinga av våre tenester. 

 

Treverkstad - Vaskeritenester - Kubbegolv - Butikk i Balestrand
Kabelskrelling - Logistikk - Transportoppdrag - Kontorarbeid - Møbeltapetsering
Rammeri og kunst - Jobbfrukt - Kreativ kommunikasjon

Utlyste stillingar med formelle krav  

Sogneprodukt er ein mangfaldig og inkluderande arbeidsgjevar med breitt spekter av arbeidsoppgåver og avdelingar. Me har dyktige og engasjerte medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse – alle med eit felles mål: å bidra til eit meir inkluderande arbeidsliv. Hjå oss finn du fagpersonar med utdanning innan pedagogikk, sosialfag, fysioterapi, helse og økonomi. Mange har våre tilsette har solid erfaring med produksjonsarbeid innan trebearbeiding, industrisaum, vaskeri mm.  

Føremålet vårt er klart: Me vil gi menneske moglegheita til å bruke ressursane sine og oppleve meistring gjennom arbeid. Sogneprodukt er ein trygg og utviklande arbeidsplass der me saman skapar positive endringar – for den enkelte og for lokalsamfunnet. 

Vikariat Jobbkonsulent kjem - send oss gjerne ein open søknad allereie no!