Bli ei samarbeidsbedrift

Gjennom 50 år har Sogneprodukt bygd opp eit solid samarbeid med næringslivet i Sogn.
Saman får me kvart år mellom 40 og 50 sogningar tilbake i arbeid eller utdanning.

Me veit at gode samarbeid gir tryggleik for arbeidsgjevar og nye moglegheiter for arbeidssøkjar. Difor legg me stor vekt på å skapa gode relasjonar mellom bedrifter og menneske som ynskjer å bidra i arbeidslivet.

Hjå oss får du som arbeidsgjevar ein trygg og føreseieleg prosess. Sogneprodukt har eigne jobbkonsulentar som har som hovudoppgåve å følgje opp sjuikmelde, arbeidssøkjar og bedrift. Det betyr tett dialog, god oppfølging og rask respons dersom det oppstår behov for tilpassing.

For deg som arbeidsgjevar betyr det ei tryggare rekruttering – og for arbeidssøkjar ein realistisk sjanse til å lukkast i arbeidslivet. 

Fordi mangfald i bedrifta gir ei rekke positive effektar:

• Eit viktig bidrag til lokalsamfunnet som gir betre omdømme

• Betre problemløysing og beslutningstaking

• Auka kreativtet og innovasjon

• Større fleksibilitet og tilpasningsevne

• Styrking av kulturverdiar og språkforståing

• Betre marknadsforståing

• Eit konkurransefortrinnehov i næringslivet.

Saman skapar me moglegheiter

Ved å bli ei samarbeidsbedrift hjå Sogneprodukt bidreg du til å gi sogningar ein ny sjanse i arbeidslivet – samtidig som du dekker viktige rekrutteringsbehov i din bedrift. 

Vil du vite meir om korleis vi jobbar, ta gjerne kontakt med:

Kristine Loftesnes Feigum

Avdelingsleiar JobbKompetanse
klf@sogneprodukt.no
Telefon: 900 39 304