Oppfølgingstiltaket
“Hjå Sogneprodukt får du individuell oppfølging frå ein fast jobbkonsulent som hjelp deg med å finne vegen vidare i arbeidslivet. ”
Oppfølging er eit arbeidsretta tiltak for deg som treng støtte for å kome i jobb eller halde på ein jobb du allereie har. Me samarbeider med lokale bedrifter i heile Indre Sogn og kan setje deg i kontakt med aktuelle arbeidsgivarar.
Dette kan oppfølgingstiltaket innehalde:
Karriererettleiing og interesseutforsking
Jobbsmak og bedriftsbesøk
Hjelp til jobbsøking og å finne eigna arbeidsplassar
Tilrettelegging og jobbstøtte på arbeidsplassen
Opplæring i sosiale og arbeidsrelaterte ferdigheiter
Dersom du er i jobb: Oppfølginga skjer i samarbeid med arbeidsgivaren din. Målet er å finne løysingar som gjer det mogleg å halde fram i jobben – eller finne ny jobb dersom tilrettelegging ikkje er mogleg.
Er du utan jobb: Du får utforske jobbmuligheitene som finnast i Indre Sogn. Me gir hjelp til å søke jobb og støtte i overgangen til arbeid.
Slik jobbar me saman
Oppstart
Du får tildelt din eigen rettleiar som følgjer deg gjennom heile perioden. Me brukar innleiingsvis tid på å bli kjend med deg og dine behov. Kva er viktig for deg, og kva ønskjer du hjelp med?
Plan og mål
Me tek utgangspunkt i dine yrkesmål og saman lagar me ein plan for korleis du kan nå dine mål. Gjennom samtalar, karriererettleiing og opplæring gir me deg inspirasjon til å bli betre kjend med dine moglegheiter og ressursar.
Jobbsjansar
Me hjelp deg i møtet med lokale bedrifter. Det kan vere bedriftsbesøk, jobbsmak, arbeidspraksis og jobbsøking. Alt er tilpassa deg og dine føresetnader.
Vegen til jobb
Du får støtte heile vegen - også etter at du har starta i jobb eller utdanning. Me samarbeider tett med NAV og arbeidsgjevar for at overgangen skal bli trygg. Vårt mål er at du skal oppnå ei varig tilknyting til arbeidslivet.