Arbeidsførebuande trening

AFT er eit allsidig arbeidsretta tiltak for deg som har nedsett arbeidsevne og treng støtte for å nå målet om arbeid eller utdanning.

Hjå Sogneprodukt blir du møtt med respekt, openheit og tru på dine evner. Me legg vekt på å skape ein trygg relasjon og gir deg moglegheit til å utforske eigne interesser og styrkar i ditt eige tempo. 

Dette kan AFT innehalde: 

  • Karriererettleiing og interesseutforsking 

  • Samtalar og individuell oppfølging med din jobbkonsulent

  • Kartlegging av tilretteleggingsbehov, tilpassing av arbeidsoppgåver og arbeidsevnevurdering

  • Styrking av helse gjennom fysisk trening og kognitiv tilnærming

  • Kontakt med lokale verksemder gjennom møter, jobbsmak og arbeidspraksis

  • Fagopplæring eller utdanningsløp

  • Støtte i jobbsøkeprosessen

  • Jobbstøtte inn i lønna arbeid

Les meir om AFT-tiltaket på nav.no. 

Slik jobbar me saman

Oppstart

Du får tildelt din eigen rettleiar som følgjer deg gjennom heile perioden. Me brukar innleiingsvis tid på å bli kjend med deg og dine behov. Kva er viktig for deg, og kva ønskjer du hjelp med? 

Plan og mål

Me tek utgangspunkt i dine yrkesmål og saman lagar me ein plan for korleis du kan nå dine mål. Gjennom samtalar, karriererettleiing og opplæring gir me deg inspirasjon til å bli betre kjend med dine moglegheiter og ressursar.  

Jobbsjansar 

Me hjelp deg i møtet med lokale bedrifter. Det kan vere bedriftsbesøk, jobbsmak, arbeidspraksis og jobbsøking. Alt er tilpassa deg og dine føresetnader.  

Vegen til jobb

Du får støtte heile vegen - også etter at du har starta i jobb eller utdanning. Me samarbeider tett med NAV og arbeidsgjevar for at overgangen skal bli trygg. Vårt mål er at du skal oppnå ei varig tilknyting til arbeidslivet.  

Har du spørsmål kring våre arbeidsmarknadstiltak, ta gjerne kontakt med:

Kristine Loftesnes Feigum

Avdelingsleiar
klf@sogneprodukt.no
Telefon: 900 39 304

Les meir om våre arbeidsmarknadstiltak her: