Sogneprodukt kan bistå som nøytral ekspert for arbeidsgivar og arbeidstakar i saker som omhandlar sjukefråvær og arbeidsmiljø.
Ekspertbistand hjå Sogneprodukt
Sogneprodukt sine ekspertar har lang og brei erfaring frå arbeid med arbeidsmiljø og sjukefråvær. Me kan hjelpe med:
- Å finne bakomforliggjande årsaker til sjukefråværet
- Karriererettleiing
- Opplæring i stressmeistring og livsstilsrettleiing
- Kartlegging av arbeidssituasjon og helse
- Kartlegge kompetanse og ferdigheitar
- Arbeidsplassvurdering
Kva er ekspertbistand?
Ekspertbistand betyr at arbeidstakar og arbeidsgjevar får hjelp frå ein nøytral ekspert med kompetanse på sjukefråvær og arbeidsmiljø.
- Ekspertbistand er gratis for arbeidsgjevar, finansiert via NAV og ein del av IA-avtala.
- Målet er å førebyggje og redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
For meir informasjon og spørsmål ta gjerne kontakt med Kristine Loftesnes Feigum.
Les meir om ekspertbistand på nav.no