Jobbstøtte med menneske i sentrum
Me trur at alle menneske har ressursar. Nokre gongar treng dei berre å bli oppdaga på nytt.
Samtalar som byggjer trygge relasjonar
Bak kvart menneske som kjem til Sogneprodukt, ligg det ei historie. Nokre har stått utanfor arbeidslivet lenge. Andre har prøvd – og opplevd nederlag. Nokre ber på helseutfordringar, språklege barrierar eller uro for ikkje å strekkje til. Felles for dei fleste er eitt spørsmål: «Har eg framleis ein plass i arbeidslivet?»
Vår jobb er å møte mennesket bak spørsmålet. Me tek oss tid til å bli kjende med deg. Me veit at motivasjon ikkje kan pressast fram – ho veks når menneske opplever å bli lytta til, forstått og tatt på alvor. Derfor byggjer me relasjon først.
Kva gir deg energi? Kva har vore vanskeleg? Kva drøymer du om – sjølv om det kjennest langt unna akkurat no?
Saman prøver me ut arbeid i trygge rammer, og du får støtte undervegs. Me trenar på det som skal til for å meistre ein jobb – steg for steg. Me trur at arbeid kan vere helsefremjande når rammene er rette.
Når du er klar for å prøve deg i ei bedrift, står me ved sida av deg. Og når du får jobb, slepp me deg ikkje brått. Me er der i overgangane – heilt til du kjenner at du står stødig på eigne bein.
Me har sett menneske som kom til oss med låg tru på seg sjølv, men som gjennom systematisk arbeid, støtte og rett jobbmatch har funne sin plass i arbeidslivet igjen. Det skjer ikkje over natta. Men det skjer når relasjonen er trygg, arbeidet er meiningsfullt, støtta er individuelt tilpassa – og krava er realistiske.