Jobbfrukt – frisk energi og arbeidsglede rett på døra
Gi jobbkvardagen eit løft med Jobbfrukt frå Sogneprodukt. Me leverer fersk frukt av høg kvalitet direkte til verksemder i Sogn – ein eller fleire gongar i veka, tilpassa dykkar behov.
Kvar fruktkorg inneheld alltid eple, pærer, bananar og nøttemix utan tilsett sukker, i tillegg til sesongens beste frukt og grønsaker. Når leveringa kjem, får de ikkje berre sunn påfyll – de møter òg ein av våre stolte medarbeidarar, glade for å bidra til ein betre arbeidsdag.
Med Jobbfrukt får du ei enkel løysing som gir meir energi, betre trivsel og eit lite pusterom i kvardagen.
Vurderer du å bestille Jobbfrukt til di verksemd? Ta kontakt med Gaute – me set opp ei løysing som passar for dykk.