No er det kraft i draken att

Eit heilt spesielt oppdrag er no i boks.

 

Sveitservillaene i Balestrand er unike på kvart sitt vis, og alle har si historie. Denne veka har treavdelinga ved Sogneprodukt hatt eit drakehovud innom dørene.

Utsyn over fjord og fjell

Drakehovudet har fått juling av vêr og vind opp gjennom åra, og sleit bokstavleg talt med å halda hovudet oppe. Drakhovudet har hatt utsyn mot Sognefjorden og fjordlandskapet her midt i Sogn, og har fått med seg både eitt og hitt av det som har skjedd på fjorden opp gjennom åra.

Heimen mot nord

Det var helst kunstmålarar som bygde seg drakestil-villa i Balestrand, men eit unnatak var hoffotograf Carl Tietz frå Berlin. Han sette seg opp villaen Nordlandheim vinteren 1905/1906. Huset vart produsert som ferdighus i Trondheim av Jacob Digre eller Christian Thams. Namnet Nordlandheim skal tyda heimen mot nord, og har ikkje noko med Nordland å gjera. Tietz var keisar Wilhelm II sin private fotograf. No er det Johannes og kona Bjørg Sjøtun som eig denne vakre eigedommen.  

Ein kunstnar med nevane

Jon Ese - her hjå oss i Sogneprodukt - har eit uvanleg godt handalag, og er på mange måtar ein kunstnar når han får utfordringar av denne typen. Med hoggjarn, fres og stikksag har han trylla fram ein drake-kopi som vil kjempa godt frå seg mot naturkreftene i åra som kjem.

NY OG GAMAL: Jon Ese har laga ny drake til det raude huset du ser i bakgrunnen.

FINPUSS: I treverkstaden vår er det rom for litt av kvart.

Eirik Thue