Kunstkurs: - Me har ikkje lyst til å slutte

Galleri Raudmelen har vore flittig i bruk denne våren. Resultatet er både fargerikt og levande.

Sogneprodukt si avdeling i Balestrand har både rammeri, kunstavdeling og eige galleri. I løpet av våren har me også køyrd kunstkurs.

Brei bakgrunn

Arthur Adamson har vore læremeister og han har brei bakgrunn som kunstnar.  Han har kunstutdanning frå blant anna Manchester University og har i mange år arbeidd som kunstnar og designar. I 2004 flytta han til Balestrand, og har produsert mange verk som har vore på utstillingar både i Manchester, Liverpool, London, Oslo og i heimbygda.

Mykje nytt

-  Me har fått spesialundervising, seier Dorthe Stølen, som saman med vennina Maria Gerd Borlaug var med på kurset som har strekt seg over 5 samlingar.

Dei to sprudlande damene har vore aktive med penselen i kring to tiår.

-  Det er mest vassbasert oljemåling me har drive med, det var difor svært kjekt å få prøva akrylmåling, seier duoen.

Lærerikt

Dei kom såleis med kvar sin solide ryggsekk med erfaring inn dørene her i Balestrand.

- Arthur har sett kva me kan, me har sagt kva me treng hjelp til og me har fått tilpassa eit opplegg som har vore heilt fantastisk på alle måtar, seier Maria Gerd Borlaug.

Ombruk i kunsten

Ombruk står sterkt hjå oss, og dei to flotte måleria er blitt trylla fram på lerret som Sogneprodukt har laga sjølve. Me nyttar gamle laken og restematerial for å få fram såkalla blindrammer.

-  Så fargerike og blomstrete bilete har eg aldri laga før, så dette skal eg ramme inn å ha på veggen, seier Dorthe Stølen.

- Me har lært å gjere bileta våre meir levande og fått svært god rettleiing på fargesamansetjing, fortel Maria Gerd Borlaug.

Kjem tilbake

Dei er svært glade for tipsa dei har fått med seg, og har lyst å koma att.

- Me har ikkje lyst til å slutte no, smiler dei, og legg til:

-  Me kjem att på neste kurs med Arthur.  

KURS: Sogneprodukt har denne våren hatt kunstkurs i Galleri Raudmelen.

GJENGEN: Maria Gerd Borlaug(t.v.), Arthur Adamson og Dorthe Stølen fann fort tonen på kunstkurset.

DETALJAR: Dorthe Stølen på oppløpssida med måleriet sitt.

INSPIRASJON: Maria Gerd Borlaug med sin versjon av “I prestekragehagen".

Eirik Thue