Arbeidssøkjar

Treng du hjelp for å komme deg i jobb? Er du på jakt etter yrkeserfaring eller arbeidstrening? Treng du karriereveiledning for å finne ut av yrkes- eller utdaningsval? Eller treng du rettleiing og opplæring i jobbsøking? Eller oppfølging i samband med langtidssjukemelding?

Sogneprodukt har bygd opp erfaring og kompetanse på å hjelpe deg som ønskjer å komme deg inn i arbeidslivet eller ta meir utdanning. Vi har gode kartleggingsverktøy, profesjonell rettleiing og oppfølging.

Under finn du tiltaka vi kan tilby:

 
 

Arbeidsførebuande trening

Målgruppe
Nedsett arbeidsevne, sammensette bistandsbehov, utfordringar knytt til helsemessige og sosiale problem, rus, mangelfull utdanning, svake grunnleggjande ferdigheiter eller lite arbeidstrening.

Mål:
Avklaring og arbeidsutprøving i skjerma miljø og/eller utprøving og trening i ordinært arbeidsliv. Tiltaket gjev moglegheit for å kombinere arbeidstrening og opplæring.

Innhald
Arbeidsførebuing, karriereferdigheiter, karriereutforsking, undervisning, jobbmeistring, arbeidsevneutprøving, tilrettelagt opplæring, oppfølgingsbistand i praksis, arbeidstrening, basisferdigheitstrening og yrkesfaglege løp.

aft.jpg

Arbeidsførebuande trening

trening.jpg

Arbeidsretta rehabilitering

ARR

Arbeidsretta rehabilitering

Målgruppe:
Personar som er sjukmelde og/eller har fått si arbeidsevne nedsett slik at vedkommmande vert hindra i å behalde eller skaffe inntektsgjevande arbeid.

Mål:
Styrke deltakar si arbeidsevne. Lære å mestre helserelaterte og sosiale utfordringar som reduserer deltaking i arbeidslivet.

Innhald:

  • Arbeidsretta aktivitetar
  • Tilpassing av arbeid
  • Rehabilitering og opptrening
  • Ergonomi
  • Livstilsendring
  • Stressmestring
  • Jobbmestring og jobbmotivasjon
  • Undervisning
  • Arbeidstrening
  • Opplæring i karriereferdigheiter
 
 

Fagopplæring

Målgruppe:
Fagopplæring etter opplæringslova for lærlingar og lærekandidatear med særskilt trong for ekstra oppfølging og tilrettelegging.

Mål:
Yrkesopplæring og tett oppfølging med sikte på fagbrev, svennebrev, kompetansebevis eller praksisbrev. Opplæring i høve fagplan / Individuell opplæringsplan (IOP)

Innhald:
Knytt til Opplæringskontoret for tilrettelagt opplæring.
Lærling: 2+2 år
Lærekandidat: 4 år
Praksiskandidat: 5 år

Sogneprodukt kan tilby bistand i heile eller delar av opplæringsløpet. 
Les meir på Opplæringskontoret for tilrettelagt fagopplæring.

iStock-626632044.jpg

Fagopplæring

Varig tilrettelagt arbeid

Varig tilrettelagt arbeid

Målgruppe:
Har varig yting frå NAV. Overgang til andre tiltak og/eller ordinært arbeidsliv vurderast jamnleg.
 

Mål:
Arbeid skal bidra til å utvikle ressursar gjennom tilrettelagt arbeid og kvalifisering.
 

Innhald:
Tilrettelagt arbeid og opplæring i skjerma miljø eller ekstern bedrift. Kvalifisering. Tett oppfølging. Sosial trening og motivering.

 

Korleis kjem du i gang?

Alle søknader til Sogneprodukt går via NAV.  Men vil du vite meir om korleis vi jobbar, ta gjerne kontakt med: