Mekanisk vert lagt ned – to nye satsingsområde etablerte

Mekanisk i Vik og Kaupanger vert lagde ned. Det vedtok styret i Sogneprodukt på styremøtet i desember. Mest truleg vert avviklinga gjort i første del av 2024.

Sogneprodukt har sidan februar vore gjennom ein omfattande omstillingsprosess. Sviktande resultat på dei mekanisk avdeling over tid, høge straumprisar og reduksjon av AFT-plassar frå 34- til 24-plassar har gjort at omstilling i heile bedrifta har vore naudsynt. Sjølv om mekanisk verksemd vert avvikla, er det elles full drift både i Vik, Balestrand og Kaupanger. I omstillingsprosessen har Sogneprodukt jobba tett med næringslivet rundt oss for å skapa grøne arbeidsplassar.

Kubbegolv

I tillegg til aktiviteten me har rundt om med arbeidsformidling, vaskeri, rammeri, kreativ kommunikasjon, møbelomtrekking, treverkstader, kunstavdeling, jobbfrukt, nærteneste, corian,  og husflid, har me bygd opp to nye avdelingar i år.

På Kaupanger har me sett i gang med produksjon av kubbegolv. Her vert kapp frå Are Treindustri slissa, sett i hop og køyrt gjennom ei «brødmaskin». Spilane blir stifta saman til fliser, klar til å leggjast på golv, fuga, pussa og behandla.  Dette er eit flott og slitesterkt produkt med endeveden opp.

Dette prosjektet har blitt til med lokale aktørar på Kaupanger, med Are treidustri som råvareleverandør, Timbla som har fagleg ansvar for produktet og Sogneprodukt som produsent. Kubbegolv blir seld gjennom Villopp as  som er eit fellesskap av arkitektar, designarar, interiørarkitektar og scenografar.

Sykkelverkstad

I Balestrand er det no etablert ein sykkelverkstad, med fokus på ombruk.

Når innbyggjarane i Sogn leverer inn syklar til Simas, blir dei sende til Sogneprodukt. Me gir syklane nytt liv i verkstaden vår. Syklane me får inn er av ulik kvalitet. Om ein sykkel ikkje kan reparerast, vil ein alltids kunne plukke gode delar som kan brukast vidare. Eventuelle restar blir kjeldesortert. Nokre syklar treng berre ein god vask og litt kjærleik før dei er klare att til nye eventyr.

Auka aktivitet

Vaskeriet i Vik opplever auka arbeidsmengd mellom anna etter ein ny avtale med Vik kommune og meir vask av arbeidstøy. Dette er ei satsing me ønskjer å vidareutvikla. Dette er variert og godt arbeid for våre tilsette.

Nye samarbeid

Me meiner sosial berekraft har mange fellestrekk med miljømessig berekraft. Dei byggjer på same prinsippa. Målet me har er å nytta resursen i menneske og lage noko nytt, altså det same som ombruk. Difor er arbeids- og inkluderingsbedrifter ein perfekt match med det grøne skiftet der ein skal nytte om att det som folk vil kvitte seg med. Erfaringar arbeids- og inkluderingsbedrifter gir sine tilsette ved å satse på ombruk - er ein kunnskap som vert etterspurd i framtida.

Me leitar no etter nye område tufta på denne tankegangen.

Eirik Thue