Heilt avgjerande for livskvaliteten å ha ein jobb å gå til!

«Hadde eg ikkje hatt jobb så hadde eg vel ikkje, ja det hadde vel ikkje gått, det betyr ganske mykje for meg å ha jobb å gå til» seier VTA-tilsett på Sogneprodukt.

12.mars 2020
Konsekvensane av aukande koronasmitte var eit faktum. Arbeidsplassane stengde ned og «alle» måtte vere heime. Tenester som støttekontakt, treningskontakt og andre sosiale støttetenester stoppa også opp. I nærare 3 månader stod sårbare personar utan sine faste haldepunkt. Korleis opplevde arbeidstakarane på Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA) hjå Sogneprodukt denne perioden?

Studentar frå Høgskulen på Vestlandet hjalp oss med å finne svar
Studentane gjennomførte intervjurundar med våre VTA-tilsette og det kom det fram at jobb betyr mykje. Dei VTA-tilsette peika på at jobb gjev motivasjon, ein får vera sjølvstendig, tene sine eigne pengar og i tillegg får ein møte arbeidskollegaer og kameratar. I starten var det godt å vera heime sidan alt var så uvisst, men dagane heime vart fort kjedelege. Fleire gav uttrykk for at frykta for å ikkje kunne gå på jobb og vera sjølvstendig som den største bekymringa.

Forsking og litteratur støttar opp om viktigheita av at alle får vera i arbeid
I det norske samfunnet står arbeid sterkt som norm for voksne. Arbeidsdeltaking kan ha positiv effekt på både helse og livskvalitet. Hjå utviklingshemmede kan effekten av arbeid på psykisk velvære vera større enn funksjonsfriske (Stiftelsen SOR, 2018, s.23). NAV kan vera ein aktør som framsnakkar dette i organisasjons og arbeidslivet sidan NAV-rettleiarane har som oppfatning at fleire utviklingshemmede kunne ha vore i arbeidstiltak (Stiftelsen SOR, 2018, s.16). Ifølge forsking treng organisasjonar og arbeidsgivarar å anerkjenne at det er ein viktig del av deira samfunnsoppdrag å få fleire ut i ordinær jobb. Det handlar både om haldningar og kunnskap om at folk med utviklingshemming har eit arbeidspotensial som ein ser igjen og igjen (Alnes Haslie, 2020).

Sogneprodukt tilbyr til saman 35 VTA-arbeidsplassar i Sogndal kommune og Vik kommune
Dette er tilpassa arbeidsplassar for personar med nedsett arbeidsevne og uføretrygd. Gleda VTA-tilsette viser når dei kjem på jobb fortel oss at arbeidsplassen er viktig for dei. Personar som er uføretrygda og ynskjer å jobbe kan ta kontakt med sitt NAV-kontor for å sjekke sine moglegheiter for å få VTA-tiltak.

TAKK til studentane
Dagny Marie Lerum Tangen, Siri Landås, Elise Kvalevåg, Stine Andresen, Sara Eline Fritun Marifjæren og Geir Jakobsen for å få fram viktigheita av at alle får ha ein jobb å gå til!

Referansar:

Stiftelsen SOR, 2018.  https://stiftelsensor.no/images/tidsskriftarkiv/2018/04/Malrettet%20miljoarbeid%20hoy.pdf?fbclid=IwAR1Ymc0qnw4PviwAg6eAdQju7XJEEe2Q0_NvQHkaUNUrm0VXDho8TxHUCOY

Alnes Haslie, Nina. (2020). Vi kan få flere personer med utviklingshemming i jobb. Personer med utviklingshemming deltar i stadig mindre grad i ordinært arbeidsliv. Ny forskning viser at en velkjent metode kan hjelpe flere ut i jobb. https://www.oslomet.no/forskning/forskningsnyheter/kan-fa-flere-personer-med-utviklingshemming-i-jobb

 

Kristine Loftesnes Feigum