Ledige stillingar hjå Sogneprodukt - for deg med uføretrygd!

I samarbeid med NAV og Sogndal kommune lyser me ut 50 % og 100% stillingar i tiltaket Varig tilrettelagt arbeid.

Har du varig nedsett arbeidsevne på grunn av sjukdom eller skade, er eller vert uføretrygda, men likevel ynskjer å ha ein jobb å gå til og eit arbeidsmiljø å delta i? Då er dette ein unik sjanse til å få ein tilrettelagt jobb, tilpassa dine behov! Me har pr. no ledige jobbar i Balestrand.

 Me har eit spennande utval av arbeidsoppgåver :
-          Oppgåver knytt til trearbeid
- Møbelrehabilitering
- Sy og strikke produksjon
- Laserprinting, plakatprinting, kunst og fotoinnramming
-          Vedlikehaldsoppgåver
-          Kreativ kommunikasjon
- Muligheit for hospitering i andre bedrifter

 Me håpar at du:
-          Trivast med å jobbe saman med andre
-          Ynskjer å ha ein jobb å gå til
-          Liker å yte service til kundar

Det er ikkje ordinær løn, men bonusløn etter VTA-tillegget i AIB-overeinskomsten.

Har du spørsmål: ta ein uformell prat med Kristine Loftesnes Feigum på tlf. 900 39 304 eller Morten Røyrvik på tlf.916 13 271 hjå Sogneprodukt.

For å søke jobb: ta kontakt med NAV Sogndal ved Grete Hagen, tlf. 930 18 031.

Søknadsfrist: kontinuerleg opptak

Kristine Loftesnes Feigum