Kjekk arbeidsplass - får brukt utdanninga mi

Svanhild .jpg

Svanhild Hønsi Aafedt (33 år) utdanna seg til ergoterapeut i Rogaland. Etter nokre år i Stavanger med nyttig arbeidserfaring vende ho nasen heim til Sogn saman med sambuar og to små born på 3 og 6 år. I Vik fekk ho jobb som rettleiar på Sogneprodukt avdeling Asvo.

Kvifor valde du å ta utdanning som ergoterapeut Svanhild?
Det er eit spennande yrke med mange moglegheiter innafor fleire felt. Eg ville jobbe med folk, vere med å bidra til at andre kan meistre kvardagen og ha god livskvalitet.

Korleis likar du deg på Sogneprodukt og kva likar du best med arbeidet her?
Det er kjekt, godt arbeidsmiljø, ingen dag er lik. Kjekke kollegaer, og det å sjå at andre har ein god arbeidskvardag er viktig.

Får du brukt høgskuleutdanninga i arbeidet ditt?
Ja, det er mykje frå utdanninga mi som kan brukast. Dette med individuell tilpassing, det å mogeleggjera ein arbeidskvardagstår sterkt. Arbeidshelse er eit eige område innan ergoterapifaget.

Kva er det viktigaste i jobben på Asvo meinar du?
Det må vere å skape meistring og godt arbeidsmiljø. Også det med å rettleie ved behov og tilpasse arbeidet, men ikkje minst å vere med og utarbeide planar med individuelle arbeidsmål, sosiale mål og stadig evaluere for å bli betre.  

Fritid, kva gjer du då?
Med to små ungar så er det ikkje mykje tid til overs. Eg har budd lenge vekke og flytta rundt frå eg var 16 år. Me flytta tilbake til Vik for å vere nærare familie og for at ungane skal ha ein god plass å vekse opp. Me likar fjell og natur, og det å ha god plass rundt oss, då var ikkje by noko for oss. Me har også husdraumar så det vert ikkje fritidsproblem med det første.

Ragnhild Fjærestad