Vakre Walaker no med ein smak av rosa

Turistsesongen er i gang i Solvorn. På Walaker Hotell er stolane i salongane dei same, men likevel i ny drakt.

 

Noregs eldste hotell, som framleis er i drift, er moderne i tankegangen. Dei set ombruk høgt, og i samarbeid med Sogneprodukt har dei italienske salongstolane fått mykje omsut i vinter.

Stoffet i stolane var tidlegare trekte med grøne og kvite striper. Dei siste månadane har  møbelavdelinga vår i Balestrand trekt dei om. Same stolar, men altså med nytt rosa trekk som passar perfekt inn i hotellmiljøet.

Skryt frå hotellsjefen

- Fadi, og gjengen her i Balestrand har gjort eit framifrå arbeid for Walaker Hotell, i mange år. No, med å gjere stolar i restauranten vår endå finare, seier Ole- Henrik Nitter Walaker, hotelldirektøren, som er niande generasjon  i denne stillinga i hotellet frå 1640.

Samarbeid

Me i Sogneprodukt er svært glade for samarbeidet, og ønskjer Walaker Hotell til lukke med sommarsesongen.

PÅ PLASS: Fadi Sankari og resten av møbelavdelinga i Balestrand har gjort salongstolane til Walaker Hotell klare for sesongen.

STIL: Stolane på plass i ein av mange salongar i Solvorn.

PERLE: Turistsesongen bankar på døri, og Walaker Hotell er godt skodde for ei travel tid framover.

Eirik Thue