Ledig stilling som Avdelingsleiar i Balestrand

Me ser etter ein inspirerande leiar som ynskjer å utvikle tilsette sine ressursar og potensiale. Me ynskjer ein leiar med gode mellommenneskelege ferdigheiter, økonomi- og marknadsforståing. Avdelinga har vel 5 årsverk i ordinære stillingar og rundt 20 personar på arbeidsmarknadstiltak.

 Hovudarbeidsoppgåver:

·     Ansvar for og deltaking i drift og utvikling av avdelinga

·     Yte tenester etter vedtekne kvalitetskrav

·     Identifisere og gjennomføre forbetringsprosessar

·     Godt samspel med dei andre avdelingane til Sogneprodukt sitt beste

·     Syte for at avdelinga yter god service, er brukarorientert og kundeorientert

·     Rapportere til dagleg leiar og er del av leiargruppa

 

Me ynskjer at du:

·     Har relevant høgskule-/fagutdanning med erfaring frå leiing

·     Har sosialfagleg kompetanse

·     Er ein motiverande og inkluderande leiar

·     Er sjølvstendig, initiativrik og positivt

·     Er ein fleksibel lagspelar og god til å kommunisere

·     Har litt kjennskap til ulike produksjonsmaskinar innan tre og tekstil

 

Me tilbyr:

-          Varierte, krevjande og givande arbeidsdagar

-          Fagleg og personleg utvikling

-          Gode løns- og personalvilkår


Har du spørsmål: ring dagleg leiar Ragnhild Fjærestad på tlf. 975 69 488

Søknaden sender du til: jv@sogneprodukt.no

Søknadsfrist 16. februar 2021 og oppstart vil vere i mai/juni.


Kristine Loftesnes Feigum