Lærerikt og kjekt med studentar!

Denne vinteren og våren har Sogneprodukt vore så heldige at me har hatt 5 studentar i praksis. 3 studentar frå 2.klasse sosialt arbeid og 2 studentar frå 1.klasse sosialt arbeid. Studentane har gjort ein solid innsats hjå oss og det har vore god læring begge vegar. Sogneprodukt har i fleire år hatt eit godt samarbeid med Høgskulen på Vestlandet kring praksis. Det er kjekt å bidra til å få utdanne dyktige framtidige medarbeidarar og samarbeidspartar.

Studentane utfordrar oss på kvifor me gjer det me gjer. Dette er svært nyttig i vår arbeidskvardag og gjer at me også utviklar oss!” Seier avdelingsleiar Kristine Loftesnes Feigum