Mellom fjord og fjell ligg ei gullgruve av jobbmuligheiter!

Sogneprodukt har vore i norgestoppen i fleire år på å formidla folk til arbeid frå tiltaket Arbeidsførebuande trening (AFT). Dette tiltaket er for personar som NAV definerer at i utgangspunktet står langt frå arbeidslivet.

Sidan NAV starta tiltaket arbeidsførebuande trening (AFT) i 2017 har Sogneprodukt fått 65 sogningar tilbake i arbeid. I tillegg har 20 sogningar starta opp i ulike utdanningsløp. Når forsking viser kor viktig det er for den einskilde sin livskvalitet å vera i arbeid skal me vera stolte av alle desse suksesshistoriane!

Ein person som deltek i AFT-tiltaket hjå Sogneprodukt i 9 månadar og deretter går over i 100% jobb og står i den i 10 år gir ein utrekna samfunnsøknomiske nytten nesten 5 mill. kr. Jobbsøkjaren går frå å vere trygdemottakar til å verte lønsmottakar og skattebetalar. Gevinsten er endå større. Personen det gjeld får ei heilt anna sjølvkjensle, vert ein del av eit arbeidsmiljø, dette på verkar familien og dei som er rundt.

Avdelingsleiar Kristine Loftesnes Feigum ynskjer å rette ei stor takk til alle dei dyktige tilsette som kvar dag arbeider for å leggja til rette for at dei som står utanfor arbeid skal få brukt sine ressursar på ny. I tillegg er me prisgitt eit godt samarbeid med NAV og det lokale næringslivet i Sogn.