Ny medarbeidar på plass

Me er svært nøgde med vår siste signering.

 1. april vart Radoslaw Pankowiecki ein del av Sogneprodukt-laget. 51-åringen, som kallar seg for Radek, er tilsett på avdelinga Asvo i Vik.

Rullar på jobb

Radek har tidlegare jobba som gullsmed i Vik, og kjenner bygda godt. Han bur på Vangsnes, har kone, tre vaksen born og to barnebarn.

Sjølv om han har bikka femti og er bestefar, kvir han seg ikkje for å pendle på litt utradisjonelt vis. Strekninga til og frå jobb legg han bak seg på rulleskøyter, når vêr og føre passar til slik aktivitet.

Velkommen til oss.

Radoslaw Pankowiecki er i full gang i Sogneprodukt.

Eirik Thue