An apple a day, keeps fastlegen away

Kvar veke leverer Sogneprodukt ut fruktkorger til 150 kundar i Sogn.

- Me vil takka for alle gode leveransar av frukt gjennom året som har gått. Me set veldig stor pris på den jobben de gjer og den service de gjev når det kjem innom oss. Takk alle saman, seier Monica Brugrand ved Vestlandsforsking.

 Får folk i jobb

Sogneprodukt er ei av 80 bedrifter her i landet som er med i ordninga Jobbfrukt. Dette er eit samarbeid i lag med Bama. Ordninga bidreg til å skape over 600 arbeidsplassar for folk som har hamna utanfor ordinært arbeidsliv.

Ta kontakt

Har di bedrift lyst å ta del i denne ordninga? Ta kontakt med Mary Ann her hjå oss: marwik@sogneprodukt.no

 Og hugs: An apple a day, keeps fastlegen away

FRUKTBART SAMARBEID: Vestlandsforsking, her representert ved Monica Brugrand, er blant bedriftene som kvar veke får levert fruktkorg frå Sogneprodukt.

Eirik Thue