Ledig stilling som Avdelingsleiar i Balestrand
Me ser etter ein inspirerande leiar som ynskjer å utvikle tilsette sine ressursar og potensiale. Me ynskjer ein leiar med gode mellommenneskelege ferdigheiter, økonomi- og marknadsforståing. Avdelinga har vel 5 årsverk i ordinære stillingar og rundt 20 personar på arbeidsmarknadstiltak.
Hovudarbeidsoppgåver:
· Ansvar for og deltaking i drift og utvikling av avdelinga
· Yte tenester etter vedtekne kvalitetskrav
· Identifisere og gjennomføre forbetringsprosessar
· Godt samspel med dei andre avdelingane til Sogneprodukt sitt beste
· Syte for at avdelinga yter god service, er brukarorientert og kundeorientert
· Rapportere til dagleg leiar og er del av leiargruppa
Me ynskjer at du:
· Har relevant høgskule-/fagutdanning med erfaring frå leiing
· Har sosialfagleg kompetanse
· Er ein motiverande og inkluderande leiar
· Er sjølvstendig, initiativrik og positivt
· Er ein fleksibel lagspelar og god til å kommunisere
· Har litt kjennskap til ulike produksjonsmaskinar innan tre og tekstil
Me tilbyr:
- Varierte, krevjande og givande arbeidsdagar
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode løns- og personalvilkår
Har du spørsmål: ring dagleg leiar Ragnhild Fjærestad på tlf. 975 69 488
Søknaden sender du til: jv@sogneprodukt.no
Søknadsfrist 16. februar 2021 og oppstart vil vere i mai/juni.