Arbeidsgjevar
I over 40 år har Sogneprodukt hatt nær kontakt med bedriftene i Sogn. Eit godt samarbeid med næringslivet, kjennskap til deira kultur og rekrutteringsbehov er viktig. I arbeidsutprøvingsfasen vil ein jobbkonsulent frå Sogneprodukt følgje opp og rettleie både arbeidssøkjar og arbeidsplass. På den måten kvalifiserer vi arbeidssøkjaren, skaper god "jobbmatch" og trygg rekruttering for bedriftene.
Sogneprodukt samarbeider med Nav-kontor, kommunar og bedrifter langs heile Sognefjorden.