Om Sogneprodukt

Vårt samfunnsoppdrag er å få folk i jobb. Arbeidssøkjarar som står med arbeidskontrakt i handa er vårt mål , og vi oppnår gode resultat.

 
iStock-177378470.jpg

Vår kompetanse er vår verdi

Som arbeids- og inkluderingsbedrift jobbar vi med forskningsbaserte metodar for at den enkelte skal finne sine ressursar, sjå moglegheiter, bli motivert, finne sin veg – og til slutt få jobb!

Våre jobbkonsulentar har tett kontakt med ei rekke arbeidsplassar og positive arbeidsgjevarar. For dei som har behov for det, kan vi tilby arbeid i eigne «bedrifter i bedrifta». Her leverer vi høgkvalitets produkt frå godt tilrettelagde arbeidsplassar.

Om du er arbeidsgivar eller arbeidstakar, skal du vite at vi møter deg med openheit, respekt og dialog. Våre tilsette skal utføre sine oppgåver profesjonelt, nøyaktig, med særleg fokus på konfidensielle tilhøve og opplysingar.
 

Ta kontakt - vi har tausheitsplikt!

Kvalitetspolitikk

Sogneprodukt vil gjennom sin kvalitetspolitikk:

  • Utvikle tilsette sin kompetanse 
  • Vere ein påliteleg samarbeidspartnar og leverandør
  • Ha spisskompetanse på arbeid og inkludering
  • Arbeide for kontinuerlig forbetring og nyskaping

Vår historie

Sogneprodukt vart etablert 21. oktober 1976 for å gje sysselsetting til dei som ikkje var i stand til å konkurrere om arbeidsplassane i det ordinære arbeidslivet i Sogn. Alt i 1972 hadde Arbeidsdirektoratet gitt tilsegn om at Sogn skulle få si eiga verna verksemd og at den skulle etablerast i Vik.

I 2017 vart Balestrand Industrier as og Vik Asvo as fusjonert inn i Sogneprodukt.

Her kan du lese meir om vår historie og bakgrunnen for etableringa.