Ledige stillingar

bilde_hoved.jpg

Sogneprodukt er ei arbeids- og inkluderingsbedrift, som i over 40 år har jobba med å få folk i arbeid. Vi søkjer medarbeidarar for prosjektstillingar, med moglegheit for fast tilsetjing. Stillingane er ved den mekaniske avdelinga vår, som utfører ulike oppdrag for både bedrifter, landbruk og private.

Ønskjeleg bakgrunn:

  • Sveisarar med fagbrev

  • Platearbeidarar

Relevant erfaring kan kompensere krav om fagbrev. Vi ser etter deg som har gode kunnskapar innan faget, har evne til å jobbe sjølvstendig, og er positiv og omgjengeleg.

Førarkort klasse B er ein føremon.

Vi kan tilby deg:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt miljø.

  • Konkurransedyktige vilkår

Arbeidsstad vil hovudsakleg vere Vik i Sogn.

Om dette er noko for deg, ikkje nøl med å ta kontakt for ein prat.

Søknadsfrist: snarast.

Kontaktinfo: mk@sogneprodukt.no



Morten Røyrvik