Ledige stillingar hjå Sogneprodukt

Ledige stillingar.jpg

 

Her er meir informasjon om dei ledige stillingane:

1.     Jobbkonsulent – Kaupanger 100%

2.     Rettleiar – Balestrand 100%

3.     Rettleiar – Vik 50%

4.     Sveise/platearbeidar – Kaupanger (Vik)

5.     Tilkallingshjelp – Balestrand og Vik

 

Jobbkonsulent Kaupanger skal jobbe med personar i tiltaka Arbeidsretta Rehabilitering og Arbeidsførebuande trening:

­   Arbeidsretta opplæring og utprøving av arbeidsevne for personer med samansette hjelpebehov

­   Å få sjukmelde og andre til å fungere i arbeid trass i helse/andre utfordringar

­   Interesse- og karrierekartlegging

­   Opplæring og rettleiing i samarbeid med kollega på interne arbeidsplassar, næringsliv og NAV

­   Rettleiing innan motivasjon, meistring, kosthald, aktivitet/trening og livsstilsendring

­   Undervisning individuelt og i grupper

­   Ulike prosjekt

­   Tett samarbeid med dei lokale NAV-kontora

 

Rettleiar Balestrand for personar i tiltaket varig tilrettelagt arbeid:

­   Utvikle ressursar hjå arbeidstakarar gjennom opplæring og tilrettelagde arbeidsoppgåver

­   Drift av «Fabrikken» med produksjon av treprodukt

­   Utvikling av produkt basert på etterspørsel hjå lokalt næringsliv/andre, og dei tilsette sine resursar

­   Delta på andre produksjonsområde ved behov og «vaktmeistaroppgåver»

­   Skape ein trygg og god arena for vekst og utvikling

 

Rettleiar Vik skal jobbe med:

­   Utvikle ressursar hjå arbeidstakarar gjennom opplæring og tilrettelagde arbeidsoppgåver

­   Drift av ulike produksjonsområde som vaskeri og underleverandørtenester til lokalt næringsliv, samt andre tenester etter sesong og behov

­   Delta på andre produksjonsområde ved behov og «vaktmeistaroppgåver»

­   Skape ein trygg og god arena for vekst og utvikling

Sveise/platearbeidar Kaupanger (alternativt Vik) skal jobbe med:

­ Auka oppdragsmengd på mekanisk
og seinare opplæring og tilrettelegging av oppgåver for andre

 

Tilkallingshjelp for rettleiarar i Vik og Balestrand som kan vere

­   «Ringehjelp» ved ekstra behov, fråvær og ferie

­   Og har interesse, relevante kvalifikasjonar og har ledig tid til å vere tilkallingshjelp

 

 

Me ynskjer at du har relevant høgskule-/fagutdanning og erfaring og er

-          Sjølvstendig, initiativrik og positivt

-          God til å kommunisere

-          Ein fleksibel lagspelar

 

Me tilbyr:

-          Varierte arbeidsoppgåver

-          Fagleg og personleg utvikling

-          Gode løns- og personalvilkår



 

Har du spørsmål om stillingane, ta kontakt med dagleg leiar Ragnhild Fjærestad på tlf. 975 69 488

Send søknad på e-post til jorunn@sogneprodukt.no

 

Søknadsfrist: 10. juni 2019

Morten Røyrvik