Arbeidssøkjar Arbeidsgjevar Produkt Om oss Kontakt

Arbeidssøkjar

Står du framfor eit val og treng støtte for å komme inn i arbeidslivet eller til å ta utdanning? Sogneprodukt kan hjelpe deg. Her har vi har gode kartleggingsverktøy, profesjonell rettleiing og oppfølging. Vi tilbyr fagopplæring. Les meir om det hjå Opplæringskontoret for tilrettelagt fagopplæring.

I samarbeid med lokalt arbeidsliv tilbyr vi arbeidspraksis i alle yrkesretningar.


MotivertUng

Bli med på MotivertUng

Bli med på MotivertUng hjå Sogneprodukt.

16 vekers tilbod til 12 ungdomar i Indre Sogn, i samarbeid med Fylkeskommunen og NAV,
Er du mellom 16 og 29 år? Føler du at livet har "stoppa litt opp", og det er vanskeleg å koma seg vidare med utdanningsveg wll jobb på eigahand? Ynskjer du å ta tilbake kontrollen over eigen situasjon?
Då kan MotivertUng vera noko for deg!

MotivertUng skreddarsyr eit popplegg:

  • 3+1 veker gruppebasert undervisning på Kaupanger.
  • 12 eller 4+4+4 veker arbeidsutprøving med aktiv læring av Karriereferdigheiter. Moglegheit for rullering på 3 ulike bedrifter.
  • Individuell rettleiing & oppfølging frå din jobbkonsulent i tett dialog med NAV.

Stikkord for MotivertUng er:

  • Få trua på eigne evner gjennom Motivasjon og Meistring
  • Lære å meistre belastningar som står i vegen for jobb/utdanning
  • Ta eigne Karriereval med rettleiing frå kvalifiserte jobbkonsulentar
  • Lær nye Karriereferdigheiter - stå tryggare i framtidige utfordringar
  • Få auka kunnskap kring Arbeidsliverts reglar
  • Bli kjend med dine moglegheiter i det lokale Næringslivet
  • Bli ein aktiv Jobbsøkar

Målet med motivertung:

  • Bli motivert til å ta tak i eige liv
  • Lære strategiar for å meistre belastningar og endringar
  • Lære strategiar for å ta eigne val
  • Kome i gang med vidare utdanning og/eller jobb

AFT Abeidsførebuande trening

Arbeidsavklaring og bistand i arbeidspraksis

  • Målgruppe
    Nedsatt arbeidsevne, sammensette bistandsbehov, utfordringer knytt til helsemessige og sosiale problem, rus, mangelfull utdanning, svake grunnleggjande ferdigheiter eller lite arbeidstrening.
     
  • Mål:
    Avklaring og arbeidsutprøving i skjerma miljø og/eller utprøving og trening i ordinært arbeidsliv. Tiltaket gjev moglegheit for å kombinere arbeidstrening og opplæring.
     
  • Innhald
    Arbeidsførebuing, karriereferdigheiter, karriereutforsking, undervisning, jobbmeeistring, arbeidsevneutprøving, tilrettelagt opplæring, oppfølgingsbistand i praksis, arbeidstrening, basisferdigheitstrening og yrkesfaglege løp.

ARR (Dag) Arbeidsretta Rehabilitering

Rehabilitering for sjukmelde

  • Målgruppe:
    Personal som er sjukmelde og/eller har fått si arbeidsevne nedsett slik at vedkommmande hindrast i å behalde eller skaffe innteksgivande arbeid.
     
  • Mål:
    Styrke deltakar si arbeidsevne. Lære å mestre helserelaterte og sosiale utfordringar som reduserer deltaking i arbeidslivet.
     
  • Innhald:
    Arbeidsretta aktivitetar, tilpassing av arbeid, opptrening, ergonomi, livstilsendring, opplæring, motivasjon, stressmestring, jobbmestring, undervisning, arbeidstrening, karriereferdigheiter,

Fagopplæring

Fleire moglegheiter, individuelle vurderingar

  • Målgruppe:
    Fagopplæring etter opplæringslova for lærlingar og lærekandidatear med særskilt trong for ekstra oppgølging og tilrettelegging.
     
  • Mål:
    Yrkesopplæring og tett oppfølging med sikte på fagbrev, svennebrev, kompetansebevis eller praksisbrev. Opplæring i høve fagplan / Individuell opplæringsplan (IOP)
     
  • Innhald:
    Knytt til Opplæringskontoret for tilrettelagt opplæring.
    Lærling: 2+2 år
    Lærekandidat: 4 år
    Praksiskandidat: 5 år

    Bistand i heile eller delar av opplæringsløpet.

KURS

AMO-kurs:

Yrkesretta kurs med mål om at opplæringa bidreg til at deltakar beheld eller kjem seg i jobb.

Sogneprodukt set saman kurs etter NAV sine behov. Det kan vere for jobbsøkjarar, ungdommar, framansspråklege, mm.

 

Individuell AMO:

Trening i karriereferdigheiter. Oppfølging i arbeidspraksis. Arbeidsnorsk.

VTA Varig tilrettelagt arbeid

Tilrettelagt arbeid i samarbeid med kommunen

  • Målgruppe:
    Har varig yting frå NAV. Overgang til andre tiltak og/eller ordinært arbeidsliv vurderast jamnleg.
     
  • Mål:
    Arbeid skal bidra til å utvikle ressursar gjennom tilrettelagt arbeid og kvalifisering.
     
  • Innhald:
    Tilrettelagt arbeid og opplæring i skjerma miljø ellerekstern bedrift. Kvalifisering. Tett oppfølging. Sosial trening og motivering.